Bønn i over 60 land

Arrangørene av bønneaksjonen internasjonalt kan bekrefte at bønneguiden har blitt distribuert i over 60 land i år. Det er sannsynlig at distribusjonen har nådd enda flere land, men her er landene der vi vet at det har vært organisert lokal distribusjon av bønneguiden:

  • Albania
  • Argentina
  • Australia
  • Bahrain
  • Barbados
  • Belgia
  • Bolivia
  • Brasil
  • Canada
  • Colombia
  • Costa Rica
  • De forente arabiske emirater
  • Den dominikanske republikk
  • Dubai
  • Egypt
  • Filippinene
  • Finland
  • Frankrike
  • Hellas
  • Hong Kong
  • India
  • Irland
  • Israel
  • Italia
  • Japan
  • Kambodsja
  • Kenya
  • Kina
  • Kirgisistan
  • Kuwait
  • Malawi
  • Malaysia
  • Mexico
  • Nederland
  • New Zealand
  • Niger
  • Nigeria
  • Norge
  • Oman
  • Østerrike
  • Panama
  • Papua Ny-Guinea
  • Peru
  • Polen
  • Qatar
  • Romania
  • Singapore
  • Slovakia
  • Sør-Afrika
  • Sør-Korea
  • Spania
  • Sri Lanka
  • Storbritannia
  • Sveits
  • Taiwan
  • Tanzania
  • Thailand
  • Tonga
  • Tsjekkia
  • Tyskland
  • Uganda
  • Ungarn

Takk for at du er med i denne historiske bønnemobiliseringen!

Dag 12 – 24. april – Kampala, Uganda

Antall muslimer: 204 000 

Faduma vandrer med kurven sin gjennom morgentravelheten i det somaliske kvarteret i Kampala. Hver dag står hun opp før soloppgang for å lage anjero, det tradisjonelle, flate brødet som somaliere spiser til frokost. Ved å selge brødet, prøver hun å sørge for sine tre barn. Hun har bodd i «Lille Mogadishu» i fem år, et slumområde i Kampala. De fleste somaliere som flyktet fra borgerkrigen i Somalia og kom til Uganda, er her. Faduma er aleneforelder. Hun har nesten ikke utdannelse og snakker ikke engelsk – det offisielle språket i Uganda – og hun finner ikke arbeid. 

Det er beregnet at omkring 12 % av Kampalas 1,7 millioner innbyggere er muslimer. Noen tilhører lokale muslimske etniske grupper, mens andre har kommet fra den arabiske verden og etablert seg som vellykkede forretningsfolk. I en ganske annen del av byen bor det 20 000 somaliske flyktninger som hovedsakelig bor i «Lille Mogadishu». Uten skole eller arbeidsrettet opplæring, har de få muligheter til å forbedre livene sine. Derfor blir de ofte fryktet eller avvist av deres vertsland. 

Et team med kristne i Uganda har begynt å ta tak i situasjonen til muslimene i den somaliske delen av byen. De ønsker å hjelpe særlig unge somaliere ved å gi dem engelskundervisning, datakurs eller fotballtreninger. Samtidig prøver de å bygge bro mellom kristne ugandere og somaliere, som er nesten utelukkende muslimer. Uganderne oppmuntrer og trener kristne til å involvere seg med folk fra de somaliske nabolagene, ved å be for dem og dele Jesu kjærlighet. 

Inspirasjon til bønn 

  • Be om at mange kristne i Uganda skal være vitner om Guds kjærlighet til de somaliske muslimene i deres by. (Kolosserne 4,2-6) 
  • Be om at mange somaliere som har sunket ned i håpløsheten i livet som flyktninger, vil ta imot støtte, kjærlighet og praktisk hjelp fra kristne. (Salme 40,10-11) 
  • Be om at somaliere kan få livsforvandlende møter med Jesus som de kan dele med sine nettverk hjemme i Somalia. (2. Korinterbrevet 9,11-14). 

Finn ut mer om kvinnene i «Lille Mogadishu», Kampala (på engelsk): 
https://roadsandkingdoms.com/2017/exile-little-mogadishu/ 

Dag 11 – 23. april – Jakarta, Indonesia

Antall muslimer: 8 000 000 

Jarot er en universitetsstudent i Jakarta. Han kom til hovedstaden fra en mindre by for å studere ingeniørfag, men det ble utfordrende for ham å være langt hjemmefra. Som mange andre indonesere vokste Jarot opp som en kulturell muslim, men han var ikke noe særlig from. Han ble venn med en gruppe ved universitetet som var interessert i en bevegelse kalt «hijrah». Hijrah er det arabiske ordet for en reise, og oversettes noen ganger som omvendelse. Bevegelsen oppmuntrer folk til å ta opp i seg en mer religiøs livsstil og å nøye følge islamsk skikk og bruk. Hijrah-bevegelsen har tatt opp i seg flere indonesiske celebriteter og har blitt veldig populær blant unge mennesker som ser etter mening og hensikt med livet. 

Rachel tilhører den kristne minoritetsbefolkningen i Jakarta. Hennes menighet i Jakarta har en god relasjon til en moské i kirkens nabolag, og noen ganger deltar Rachel i møter på universitetet hvor det samtales om tro på tvers av religiøse grupperinger. Hun møtte Jarot på ett av disse møtene. Jarot ønsket å lære mer om den kristne forståelsen av begrepet anger. Nå ber Rachel om at han skal bli interessert i å finne ut mer. 

Indonesia er et sekulært demokrati, og de fleste indonesere ønsker et pluralistisk samfunn hvor muslimer, hinduer, kristne og andre kan leve i fred med hverandre. Noen er redd for at bevegelser som hijrah kan komme til å true denne freden. Islam er den desidert dominerende religionen i Indonesia, ja, faktisk har landet med sine 225 millioner muslimer verdens største muslimske befolkning. I Jakarta er befolkningen litt mer sammensatt. Her er 84 % av befolkningen muslimer og 11 % kristne. 

Inspirasjon til bønn 

  • Be om religionsfrihet og fredelig sameksistens mellom trossamfunn i Jakarta. (Romerne 12,18) 
  • Én fjerdedel av Jakartas befolkning er under 25 år. Be om at unge mennesker som ser etter mening i livet skal finne Kristus. (2. Timoteusbrev 2,22) 
  • Be for kristne i Jakarta, om visdom og utholdenhet i deres vitnetjeneste. (Kolosserne 4,6) 

Dag 10 – 22. april – Dhaka, Bangladesh

Talet på muslimar: 19 000 000 

Bengalske muslimar er ei av dei største unådde folkegruppene på jorda og dei fleste av dei bor i Bangladesh. Hovudstaden Dhaka er ein megaby som husar rundt20 million innbuarar, ein av dei metropolane i verda som veks fortast. Mest 90 % av innbuarane er muslimar. 

Unge muslimar kan lett kome i indre konflikt av alt som byen deira tilbyr. På den eine sida blir kvardagslivet til bengalske muslimar påverka av undervisninga i moskeane, som blir meir og meir konservativ. I dei seinare åra har òg tradisjonell bengalsk kultur fått innpass i liv og lære. Til dømes er «gaie holud» ei feiring som etter tradisjonane skal gjennomførast nokre dagar før eit bryllaup. Det går ut på at dei som kjem på vitjing skal farge andletet på brur og brudgom gule og mate dei med søtsaker. Men i sume moskear seier dei no at denne skikken ikkje er «muslimsk», så folk har slutta å følgje den. Denne konservative trenden er òg synleg på gata ved at fleire og fleire kvinner kler seg i burka når dei er ute blant folk. 

På den andre sida ser bengalske muslimar ei fri verd utanfor byen gjennom sosiale media og internett, der det er mykje å velje mellom. I Dhaka finn dei anonymitet og subkulturar; dei kan utforske nye idear og måtar å leve på. Kristne nyttar desse midla til å fortelje søkjande om den kristne trua, og til å prøve å gi svar på spørsmåla deira om islam. 

Inspirasjon til bøn 

  • Be om at Dhaka må få tilgang til det dei treng som ein raskt veksande megaby – dei har mykje å stri med: overfolking, årviss flaum, og forureining. Be om at styresmaktene må ha visdom og utøve klokt leiarskap. (Jesaja 26,1-3) 
  • Be om at muslimar i Dhaka får høve til å lære kva det er å følgje Kristus, og kva det fører med seg. (Salmane 119,9-10) 
  • Be om at dei kristne i Dhaka må få oppleve åndeleg og fysisk vern, og at dei må få vere effektive vitne om Jesus. (1. Timoteusbrev 4) 

– Derfor må vi be for muslimer

En av verdens ledende misjonsforskere, dr. David Garrison, har skrevet en artikkel for Christianity Today om hvorfor vi må be for verdens muslimer. Garrison har forsket og grundig dokumentert om Jesus-bevegelser blant muslimer. Han kan bekrefte at det meste av det som har skjedd oppgjennom historien, har skjedd i løpet av de siste 30 årene. Med andre ord, siden begynnelsen av bønneaksjonen 30 dagers bønn for verden muslimer, tidlig på 90-tallet. Fortsett å be!

Les hele artikkelen (på engelsk) her.

Dag 9 – 21. april – Multan, Pakistan

Talet på muslimar: 2 000 000 

Suriya bor i Multan, i storleik den sjuande byen i Pakistan. Stordelen av dei 2 million innbyggjarane er muslimar. Denne byen ligg i provinsen Punjab, kjend som ‘landet med dei fem elvane’. Men Multan er òg kjend for støv, ekstrem varme, tiggarar, og mange graver for heilage sufi-muslimar. Kvar dag kjem det pilegrimar i hopetal til Rukn-i-Alam, det vidgjetne mausoleet i byen. Dei vonar at dei der finn svar på sine bøner om det dei treng. 

Som dei fleste kvinnene i Multan høyrer Suriya til i ein konservativ muslimsk familie. Jenter som bor i byen har høve til å få skulegang, likevel er det oftast slik at foreldra ordnar med giftarmål for sine døtrer mens dei er svært unge. Familien til mannen som Suriya måtte gifte seg med, forventa at ho skulle bli gravid så fort som råd var og få barn, helst ein son. Men Suriya fekk ikkje noko barn. Og som det ofte går med kvinner i hennar situasjon måtte ho då utstå vanvørdnad frå familie og samfunn. Svigermora truga med å sende henne bort og finne ei ny kone til son sin. Suriya blei fortvila. 

Men så fekk ho kjennskap til ein kristen klinikk som kunne tilby hjelp til ufruktbare kvinner. Personalet der prøver å vere vitne om Guds kjærleik for pasientane sine. Suriya fekk ein samtale og nokon bad for henne. Ho gjekk heim med trøyst og håp i hjartet. Nokre månader seinare hende underet; ho oppdaga at ho var gravid. Kjem ho til å hugse at det var i Jesu namn dei bad for henne, slik at ho opnar hjartet sitt for han? 

Inspirasjon til bøn 

  • Be om at kvinner i liknande situasjonar som den Suriya var i, får erfare at dei er elska og aksepterte av Jesus. (1 Korintarbrev 1,28-29) 
  • Be for klinikkar som denne, at dei må få vere lys og salt i Multan. Be om at dei kristne der må finne praktiske måtar til å formidle Guds velsigning til byen dei bor i. (Hebrearane 13,16) 
  • Be om at dei som besøkjer gravene til heilage sufi-muslimar må finne hjelpa dei søkjer ved at Kristus openberrar seg for dei. (Salmane 40,2) 

Dag 8 – 20. april – Houston, USA

Talet på muslimar: 80 000 

Det er over 3000 kyrkjer i Houston, og det bor rundt 80 000 muslimar i byen. Gud har svara på det kyrkja har bede om: at folk frå muslimske trusretningar måtte få tilgang til evangeliet. No er det slik at amerikanske kristne kan finne muslimar frå alle kantar av verda rett nede i gata dei bor i. 

Ein del kristne i Houston har forstått for eit høve dette er og får seg vener mellom muslimar som bor nær dei. Ein pianolærar inviterer muslimar til musikk klassen sin i håp om å finne høve til å dele si tru med dei. Unge vaksne flyttar inn i bustadblokker der dei fleste frå før av er muslimar. På den måten får dei muslimske naboar og mange høve til å bli kjende med dei. To kristne kvinner som var med i engelskundervisninga i kyrkja, tilbaud muslimske elevar å vere med i engelskspråklege bibelstudiegrupper utanom timane. Ein organisasjon har laga eit opplegg der seks kristne og seks muslimar i same gruppa skal studere parallelle historier frå Bibelen og Koranen i seks veker. 

Kyrkja i Houston er kreativ og målretta når det gjeld å nå muslimar. Ei misjonsforeining delte ut 2671 «muslimvenlege» Lukas evangelium til muslimar frå Pakistan. Det resulterte i at 14 muslimar valde å følgje Jesus. Ein velutdanna muslimsk akademikar gjekk til ei kyrkje i Houston for å få undervisning i engelsk. Eit medlem av den kyrkja blei vener med han, og dei tok til å møtast kvar veke. I dag er den muslimske akademikaren student på bibelskulen. Ein ung mann frå Pakistan møtte Jesus i sine draumar. Han gjekk inn i ei kyrkje og bad om å få bli døypt. Som Jesus sa: 

«Grøda er stor …» (Matteus 9,37), og i Houston er åkrane dessutan «gule mot hausten». (Johannes 4,35) 

Inspirasjon til bøn 

  • Be for muslimane i Houston, at dei må få kristne vener, og at dei må bli velsigna og oppmuntra av venskapen. (Lukas 10,25-37) 
  • Be om at kristne som bor og arbeider i Houston må få nåde til å etablere solide venskap med sine muslimske naboar og finne måtar til å formidle Guds velsigning til dei på. (Salomos Ordtak 11,11) 
  • Be om at muslimane i Houston må få erfare Kristi kjærleik gjennom dei som trur på han, og sjølve kome til tru på Jesus. (1. Timoteus 2,1-6) 

Dag 7 – 19. april – Kolkata, India

Talet på muslimar: 927 000 

Kolkata, som tidlegare var hovudstaden i India, er kjend for sin rike kultur, sine søtsaker og sin vakre kunst. Byen har òg ei sterk misjonssoge William Carey, ‘far til moderne verdsmisjon’, grunnla sitt arbeid her på slutten av 1700 talet. 

Rundt 20,6 prosent av dei 4,5 million innbyggjarane i Kolkata er muslimar. Mange av dei er innfødde i Kolkata, men mange kjem òg frå delstatar i nærleiken eller frå nabolandet Bangladesh. Dei bor gjerne i lukka småsamfunn, men deira ekspertise i handelsverksemd er ein viktig og naudsynt del av dagleglivet for alle i byen. 

Under ramadan er gatene fulle av liv og røre – og sterke dufter. Då er alle ute for å kjøpe nye klede og førebu seg på ei månad lang feiring. På mange måtar er den vibrerande kulturen hjarteslaga til byen. Men dei små muslimske samfunna i Kolkata lever i redsle. Som religiøse minoritetar er dei ikkje godtatt i resten av samfunnet. Dei skulle gjerne ha hatt eit normalt liv som alle andre. 

Men midt i redsle og kamp for tilværet samlast kristne i små grupper spreidd utover i desse muslimske samfunna. Sakte men sikkert vender muslimar om og følgjer Jesus. Dei gir trua si vidare til slekt og vener med å fortelje om sanninga og frelsa dei har funne. 

Inspirasjon til bøn 

  • Muslimane i Kolkata er redde for endringar i regjeringa, fordi det kan føre til meir forfølging. Be om at dei lokale styresmaktene framleis må vere velviljuge mot minoritetar, slik at dei muslimske samfunna kan få leve i fred. (Salmane 112) 
  • Ettersom dei muslimske samfunna ønskjer aksept, be om at dei må finne slik aksept i Kristus og i samfunnet av dei truande. (Efesarane 4,1-3) 
  • Be om at dei kristne i Kolkata må sjå på muslimane gjennom Kristi auge. Be Gud skape i dei eit djupt ønskje om å sjå sine medmennesker kome til å kjenne den einaste sanne Gud. (Kolossarane 4,2-6) 

Dag 6 – 18. april – Athen, Hellas

Talet på muslimar: 300 000 

Athen i Hellas, ‘vogga til vestleg sivilisasjon’, har lenge hatt stor kulturell innverknad i verda. Byen er kjend også for apostelen Paulus sin tale på Areopagos der han sa: «Han lét alle folkeslag, som er ætta frå eitt menneske, busetje seg over heile jorda, og han sette faste tider for dei og grenser mellom bustadene deira. Det gjorde han for at dei skulle leite etter Gud, om det kunne lukkast for dei å kjenne seg fram til han og finne han, endå han ikkje er langt borte frå nokon av oss.» (Apostelgjerningane 17,26-27) 

I dei seinare åra har tusenvis av muslimar rømt frå sine krigsherja eller fattige heimland og enda opp i Athen. No har dei høve, truleg for første gong i sitt liv, til å treffe kristne med muslimsk bakgrunn. Ein kristen forkynnar frå Irak har sagt: «Folk i Vesten er redde for at Europa skal bli eit muslimsk kontinent. Men vi som har vald å følgje Jesus er òg på veg dit, og vi skal gi andre del i vår nye tru». 

Ved eit høve var det ein eldre muslim frå Pakistan som bad om å få bli døypt etter at han hadde tatt imot Jesus som sin herre og frelsar. Då han gjekk heim til Athen etter dåpen på stranda, såg han ein mann som jogga gatelangs. Den nydøypte ex-muslimen sa: «Eg kjenner meg som ein ungdom igjen; eg trur eg skulle kunne springe om kapp med han joggaren der. Eg er ein ny skapning. Eg er fylt av glede i Herren». 

Fleire blir frelste, og fleire slike historier kan høyrast i Athen. 

Inspirasjon til bøn 

  • Be for flyktningane i Aten som har lidd og mist så mykje, at dei må få høve til å bygge sine liv opp igjen og finne fred. (Efesarbrevet 2,17-21) 
  • Be for pastorar, forkynnarar og organisasjonar som arbeider mellom flyktningane, at tenesta deira må bere frukt, og at dei må ha tilgang til nok resursar til å utføre si teneste. (Markus 16,15-18) 
  • Be om at muslimar må få slike draumar og syner som fører til kontakt med kristne. Be om at muslimar vil strekkje ut sine hender og finne Gud, som «ikkje er langt borte frå nokon av oss.» (Apostelgjerningane 17,26-27) 

Dag 5 – 17. april – NDjamena, Tsjad

Talet på muslimar: 750 000 

NDjamena er hovudstaden og einaste verkelege storby i Tsjad, eit av dei fattigaste landa i verda. Av byens befolkning på 1,5 millionar er halvdelen muslimar. 

Folket i Tsjad har ein fot i fortida og ein fot i den moderne verda: Kokeplata er eit bål mellom tre steinar, men i siderommet ringer smarttelefonen. Den som har råd til det installerer klimaanlegg i jordhuset sitt. Ein som for 30 år sidan gjette geiter kan fort finnast igjen som minister i dagens regjering. Sjølvsagt er det berre dei få som får del i dei raske sosiale endringane. Dei fleste har nok med det daglege slitet for eit enkelt utkome for seg og familien. 

Storbyen inneber mange val og mykje fridom. Her stiller dei spørsmål som du ikkje høyrer ute i landsbyane: «Kvifor er den kristne naboen min ein slik ‘god person’?» «Kvifor kan ikkje islam forandre hjartet mitt?» Før i tida, om ein eller annan muslim kom til tru på Isa al Masih (Jesus Messias), sto dei åleine. No er det ei ny tid. Det finnes mange smågrupper der dei saman les og studerer Bibelen. Mange muslimske foreldre sender borna sine til kristne skular, der dei både får høyre og blir glad i forteljingar frå Bibelen. 

Det er nyleg blitt laga og spreidd tusenvis av elektroniske minnekort med evangelisk innhald. Ein ung mann sletta kortet sitt og lasta ned musikk i staden. Men så fekk han den same draumen tre netter på rad, der han høyrde desse orda: «Kvifor sletta du det som sto på kortet?» Han gjekk ut på leiting etter personen som hadde gitt han kortet. Resultatet av det heile var at han kom til tru på Jesus. 

Inspirasjon til bøn 

  • Be for muslimane i NDjamena: at dei må finne fram til det sanne livet i Jesus. (Johannes 10,9-11) 
  • Be for borna i kristne skular: at vitnemålet frå lærarane og forteljingane frå Bibelen må føre til at dei vil følgje Jesus. (Matteus 19,13-14) 
  • Be for kristne med muslimsk bakgrunn: at dei trufast må halde fast ved Jesus og få oppleve at Han tar vare på dei. (Hebrearbrevet 10,23)