2021 – Dag 7 – 19. april – Kolkata, India

Talet på muslimar: 927 000 

Kolkata, som tidlegare var hovudstaden i India, er kjend for sin rike kultur, sine søtsaker og sin vakre kunst. Byen har òg ei sterk misjonssoge William Carey, ‘far til moderne verdsmisjon’, grunnla sitt arbeid her på slutten av 1700 talet. 

Rundt 20,6 prosent av dei 4,5 million innbyggjarane i Kolkata er muslimar. Mange av dei er innfødde i Kolkata, men mange kjem òg frå delstatar i nærleiken eller frå nabolandet Bangladesh. Dei bor gjerne i lukka småsamfunn, men deira ekspertise i handelsverksemd er ein viktig og naudsynt del av dagleglivet for alle i byen. 

Under ramadan er gatene fulle av liv og røre – og sterke dufter. Då er alle ute for å kjøpe nye klede og førebu seg på ei månad lang feiring. På mange måtar er den vibrerande kulturen hjarteslaga til byen. Men dei små muslimske samfunna i Kolkata lever i redsle. Som religiøse minoritetar er dei ikkje godtatt i resten av samfunnet. Dei skulle gjerne ha hatt eit normalt liv som alle andre. 

Men midt i redsle og kamp for tilværet samlast kristne i små grupper spreidd utover i desse muslimske samfunna. Sakte men sikkert vender muslimar om og følgjer Jesus. Dei gir trua si vidare til slekt og vener med å fortelje om sanninga og frelsa dei har funne. 

Inspirasjon til bøn 

  • Muslimane i Kolkata er redde for endringar i regjeringa, fordi det kan føre til meir forfølging. Be om at dei lokale styresmaktene framleis må vere velviljuge mot minoritetar, slik at dei muslimske samfunna kan få leve i fred. (Salmane 112) 
  • Ettersom dei muslimske samfunna ønskjer aksept, be om at dei må finne slik aksept i Kristus og i samfunnet av dei truande. (Efesarane 4,1-3) 
  • Be om at dei kristne i Kolkata må sjå på muslimane gjennom Kristi auge. Be Gud skape i dei eit djupt ønskje om å sjå sine medmennesker kome til å kjenne den einaste sanne Gud. (Kolossarane 4,2-6) 
Del med andre ...