2021 – Dag 6 – 18. april – Athen, Hellas

Talet på muslimar: 300 000 

Athen i Hellas, ‘vogga til vestleg sivilisasjon’, har lenge hatt stor kulturell innverknad i verda. Byen er kjend også for apostelen Paulus sin tale på Areopagos der han sa:

«Han lét alle folkeslag, som er ætta frå eitt menneske, busetje seg over heile jorda, og han sette faste tider for dei og grenser mellom bustadene deira. Det gjorde han for at dei skulle leite etter Gud, om det kunne lukkast for dei å kjenne seg fram til han og finne han, endå han ikkje er langt borte frå nokon av oss.» (Apostelgjerningane 17,26-27) 

I dei seinare åra har tusenvis av muslimar rømt frå sine krigsherja eller fattige heimland og enda opp i Athen. No har dei høve, truleg for første gong i sitt liv, til å treffe kristne med muslimsk bakgrunn. Ein kristen forkynnar frå Irak har sagt: «Folk i Vesten er redde for at Europa skal bli eit muslimsk kontinent. Men vi som har vald å følgje Jesus er òg på veg dit, og vi skal gi andre del i vår nye tru». 

Ved eit høve var det ein eldre muslim frå Pakistan som bad om å få bli døypt etter at han hadde tatt imot Jesus som sin herre og frelsar. Då han gjekk heim til Athen etter dåpen på stranda, såg han ein mann som jogga gatelangs. Den nydøypte ex-muslimen sa: «Eg kjenner meg som ein ungdom igjen; eg trur eg skulle kunne springe om kapp med han joggaren der. Eg er ein ny skapning. Eg er fylt av glede i Herren». 

Fleire blir frelste, og fleire slike historier kan høyrast i Athen. 

Inspirasjon til bøn 

  • Be for flyktningane i Aten som har lidd og mist så mykje, at dei må få høve til å bygge sine liv opp igjen og finne fred. (Efesarbrevet 2,17-21) 
  • Be for pastorar, forkynnarar og organisasjonar som arbeider mellom flyktningane, at tenesta deira må bere frukt, og at dei må ha tilgang til nok resursar til å utføre si teneste. (Markus 16,15-18) 
  • Be om at muslimar må få slike draumar og syner som fører til kontakt med kristne. Be om at muslimar vil strekkje ut sine hender og finne Gud, som «ikkje er langt borte frå nokon av oss.» (Apostelgjerningane 17,26-27) 
Del med andre ...