2021 – Dag 5 – 17. april – NDjamena, Tsjad

Talet på muslimar: 750 000 

NDjamena er hovudstaden og einaste verkelege storby i Tsjad, eit av dei fattigaste landa i verda. Av byens befolkning på 1,5 millionar er halvdelen muslimar. 

Folket i Tsjad har ein fot i fortida og ein fot i den moderne verda: Kokeplata er eit bål mellom tre steinar, men i siderommet ringer smarttelefonen. Den som har råd til det installerer klimaanlegg i jordhuset sitt. Ein som for 30 år sidan gjette geiter kan fort finnast igjen som minister i dagens regjering. Sjølvsagt er det berre dei få som får del i dei raske sosiale endringane. Dei fleste har nok med det daglege slitet for eit enkelt utkome for seg og familien. 

Storbyen inneber mange val og mykje fridom. Her stiller dei spørsmål som du ikkje høyrer ute i landsbyane: «Kvifor er den kristne naboen min ein slik ‘god person’?» «Kvifor kan ikkje islam forandre hjartet mitt?» Før i tida, om ein eller annan muslim kom til tru på Isa al Masih (Jesus Messias), sto dei åleine. No er det ei ny tid. Det finnes mange smågrupper der dei saman les og studerer Bibelen. Mange muslimske foreldre sender borna sine til kristne skular, der dei både får høyre og blir glad i forteljingar frå Bibelen. 

Det er nyleg blitt laga og spreidd tusenvis av elektroniske minnekort med evangelisk innhald. Ein ung mann sletta kortet sitt og lasta ned musikk i staden. Men så fekk han den same draumen tre netter på rad, der han høyrde desse orda: «Kvifor sletta du det som sto på kortet?» Han gjekk ut på leiting etter personen som hadde gitt han kortet. Resultatet av det heile var at han kom til tru på Jesus. 

Inspirasjon til bøn 

  • Be for muslimane i NDjamena: at dei må finne fram til det sanne livet i Jesus. (Johannes 10,9-11) 
  • Be for borna i kristne skular: at vitnemålet frå lærarane og forteljingane frå Bibelen må føre til at dei vil følgje Jesus. (Matteus 19,13-14) 
  • Be for kristne med muslimsk bakgrunn: at dei trufast må halde fast ved Jesus og få oppleve at Han tar vare på dei. (Hebrearbrevet 10,23) 
Del med andre ...