2021 – Dag 8 – 20. april – Houston, USA

Talet på muslimar: 80 000 

Det er over 3000 kyrkjer i Houston, og det bor rundt 80 000 muslimar i byen. Gud har svara på det kyrkja har bede om: at folk frå muslimske trusretningar måtte få tilgang til evangeliet. No er det slik at amerikanske kristne kan finne muslimar frå alle kantar av verda rett nede i gata dei bor i. 

Ein del kristne i Houston har forstått for eit høve dette er og får seg vener mellom muslimar som bor nær dei. Ein pianolærar inviterer muslimar til musikk klassen sin i håp om å finne høve til å dele si tru med dei. Unge vaksne flyttar inn i bustadblokker der dei fleste frå før av er muslimar. På den måten får dei muslimske naboar og mange høve til å bli kjende med dei. To kristne kvinner som var med i engelskundervisninga i kyrkja, tilbaud muslimske elevar å vere med i engelskspråklege bibelstudiegrupper utanom timane. Ein organisasjon har laga eit opplegg der seks kristne og seks muslimar i same gruppa skal studere parallelle historier frå Bibelen og Koranen i seks veker. 

Kyrkja i Houston er kreativ og målretta når det gjeld å nå muslimar. Ei misjonsforeining delte ut 2671 «muslimvenlege» Lukas evangelium til muslimar frå Pakistan. Det resulterte i at 14 muslimar valde å følgje Jesus. Ein velutdanna muslimsk akademikar gjekk til ei kyrkje i Houston for å få undervisning i engelsk. Eit medlem av den kyrkja blei vener med han, og dei tok til å møtast kvar veke. I dag er den muslimske akademikaren student på bibelskulen. Ein ung mann frå Pakistan møtte Jesus i sine draumar. Han gjekk inn i ei kyrkje og bad om å få bli døypt. Som Jesus sa: 

«Grøda er stor …» (Matteus 9,37), og i Houston er åkrane dessutan «gule mot hausten». (Johannes 4,35) 

Inspirasjon til bøn 

  • Be for muslimane i Houston, at dei må få kristne vener, og at dei må bli velsigna og oppmuntra av venskapen. (Lukas 10,25-37) 
  • Be om at kristne som bor og arbeider i Houston må få nåde til å etablere solide venskap med sine muslimske naboar og finne måtar til å formidle Guds velsigning til dei på. (Salomos Ordtak 11,11) 
  • Be om at muslimane i Houston må få erfare Kristi kjærleik gjennom dei som trur på han, og sjølve kome til tru på Jesus. (1. Timoteus 2,1-6) 

Del med andre ...