2021 – Dag 10 – 22. april – Dhaka, Bangladesh

Talet på muslimar: 19 000 000 

Bengalske muslimar er ei av dei største unådde folkegruppene på jorda og dei fleste av dei bor i Bangladesh. Hovudstaden Dhaka er ein megaby som husar rundt20 million innbuarar, ein av dei metropolane i verda som veks fortast. Mest 90 % av innbuarane er muslimar. 

Unge muslimar kan lett kome i indre konflikt av alt som byen deira tilbyr. På den eine sida blir kvardagslivet til bengalske muslimar påverka av undervisninga i moskeane, som blir meir og meir konservativ. I dei seinare åra har òg tradisjonell bengalsk kultur fått innpass i liv og lære. Til dømes er «gaie holud» ei feiring som etter tradisjonane skal gjennomførast nokre dagar før eit bryllaup. Det går ut på at dei som kjem på vitjing skal farge andletet på brur og brudgom gule og mate dei med søtsaker. Men i sume moskear seier dei no at denne skikken ikkje er «muslimsk», så folk har slutta å følgje den. Denne konservative trenden er òg synleg på gata ved at fleire og fleire kvinner kler seg i burka når dei er ute blant folk. 

På den andre sida ser bengalske muslimar ei fri verd utanfor byen gjennom sosiale media og internett, der det er mykje å velje mellom. I Dhaka finn dei anonymitet og subkulturar; dei kan utforske nye idear og måtar å leve på. Kristne nyttar desse midla til å fortelje søkjande om den kristne trua, og til å prøve å gi svar på spørsmåla deira om islam. 

Inspirasjon til bøn 

  • Be om at Dhaka må få tilgang til det dei treng som ein raskt veksande megaby – dei har mykje å stri med: overfolking, årviss flaum, og forureining. Be om at styresmaktene må ha visdom og utøve klokt leiarskap. (Jesaja 26,1-3) 
  • Be om at muslimar i Dhaka får høve til å lære kva det er å følgje Kristus, og kva det fører med seg. (Salmane 119,9-10) 
  • Be om at dei kristne i Dhaka må få oppleve åndeleg og fysisk vern, og at dei må få vere effektive vitne om Jesus. (1. Timoteusbrev 4) 
Del med andre ...