2022 • Dag 26 • 27. april • Panthay-folket i Myanmar

Ved sidan av palasset, gylne pagodar og buddhistiske kloster i den gamle burmesiske kongelege hovudstaden Mandalay, ligger eit uventa syn som er verdt å sjå: ein moské i kinesisk stil. Den vart bygd i 1868 av det muslimske hui-folk frå den nærliggande kinesiske provinsen Yunnan. Hui-folket, som vert kalla panthay på burmesisk, kom til det som no er kjent som Myanmar for å driva med handel. Dei slo seg ned her og fekk løyve til å bygga ein moské. I dei følgande åra flykta tusenvis av panthay frå valdelege konfliktar i Yunnan og over den burmesiske grensa.

I dag bur omlag 30 000 – 50 000 panthayar i det nordlege Myanmar. Ma Pyu er ei av dei. Ei ung, ugift og utdanna kvinne som praktiserer ein moderat form av islam. I tråd med tradisjon, leitar foreldra hennar etter ein høveleg ektemann til Ma Pyu. Men i det vesle panthay-samfunnet finn dei ikkje nokon på hennar alder, utdanning eller sosiale status.

Når far til Ma Pyu vart spurd om det er aktuelt å sjå etter ein muslimsk brudgom frå ein annan etnisk bakgrunn, til dømes burmesisk eller indisk, svarar han «Aldri! Eg vil heller finne ein kinesisk buddhist!». Panthay-folket har djupe røter i deira kinesiske kultur og språk. Samanlikna med rohingya-folket eller andre muslimske grupper i dette området opplever panthay-folket mindre diskriminering frå den burmesiske majoriteten.

Så langt kjenner ein ikkje til at det har verte gjort innsats for å introdusera evangeliet til panthay-folket. Eit militærkupp i februar 2021 og koronarestriksjonar hindrar ytterlegare tilgang til Myanmar.

Inspirasjon til bøn

  • Be om at Gud vil kalla arbeidarar til å tena blant panthay-folket, og at dei vil finna ein veg inn i Myanmar og inn i panthay-samfunnet. (Luk 10,2)
  • Be om at Gud vil forbereda hjarta til mange blant panthay-folket slik at Guds ord kan falla i god jord og produsera mykje frukt. (Mark 4,8)
  • Be om at mange blant panthay-folket skal få høyra Guds ord på deira eige språk og gjennom Jesu vitnar. (2 Pet 3,9)
Del med andre ...