2022 • Dag 15 • 16. april • Aleviar i Anatolia, Tyrkia

Hasan vaks opp i ein fattig alevi-landsby i austlege Tyrkia med zaza som sitt morsmål. På barneskulen lærte han tyrkisk og vart sjølv ein lærar seinare. No er han pensjonert og bekymrar seg for sine vaksne søner som strevar med alkoholisme, slik hans bror gjorde. Han fryktar at det ligg ei forbanning over familien.

I søken etter hjelp, byrja han å sjå på ein kristen TV-kanal og innsåg at Jesus kanskje kan vera løysinga for familien hans. Han vart overtydd om det då han las i Bibelen. Hasan tok imot Jesus og skreiv til TV-stasjonen som sendte nokon til å vitja han og be for resten av familien saman med han. Det er omlag 20 millionar aleviar i Anatolia som består av tre etnolingvistiske grupper (tyrkisk, kurdisk og zaza). Dei har sitt opphav i Sentral-Asia blant turkmenarane og er den største religiøse minoritetsgruppa i Tyrkia.

Aleviar følgjer ei mystisk tolking av islam og vert sett på som ei sekt. Dei fastar ikkje under Ramadan, men under dei ti dagane av muharram når sjiamuslimar minnast imam Husseins martyrdød. Dei bøygar seg ikkje ned i bøn eller møtast i moskear, men på mindre stader for tilbeding kalla cemevi. Dei gir ikkje almisser slik tradisjonell islam krev, men ser på det å elska Gud som meir viktig enn islamsk lov. Teologien og trua deira er ikkje nedskriven, dei går frå generasjon til generasjon gjennom dikt og songar.

I Tyrkia møter aleviar fordommar og trakassering både politisk og sosialt. Utdanning er ikkje tilgjengeleg på morsmåla kurdisk og zaza, berre på tyrkisk. På tross av dette, verdsett aleviar utdanning, særleg for kvinner og jenter, og mange studerer hardt for å komme inn på høgare utdanning.  

Inspirasjon til bøn

  • Be for engasjerte kristne arbeidarar, særleg lærarar, musikarar og forretningsfolk som reiser til alevianes områder. (Rom 15,20)
  • Be om at aleviar i Anatolia skal ha opne sine hjarter til å ta imot evangeliet. (Matt 13,1-9)
  • Be om velsigning for dei få kristne blant aleviane og at dei skal få fleire kristne ressursar på morsmåla deira. (2 Pet 1,3)
Del med andre ...