2022 • Dag 10 • 11. april • Mehri-stammen

Sola går ned og mørket senkar seg i ørkenen. Sørvest i Oman, nær grensa til Jemen, samlar nokre eldre menn seg for å drikka kaffi og dela dagens hendingar. Språket dei brukar kan forsvinna med deira generasjon.

Det historiske heimlandet til mehri-stammen ligger i området kor Jemen, Oman og Saudi-Arabia grensar til kvarandre. Mehri er eit semittisk språk som er unikt til denne stammen, men vert berre brukt munnleg. Mehri reknast som eit «definitivt trua» språk i Unescos «Atlas of the World’s Languages in Danger». Språket vert ikkje forstått av arabisktalande, noko som bidreg til at det vert mindre brukt. Nokre tiltak har vore iverksett for å bevara språket, men det er framleis trua.

Det er omlag 100 000 mehri-talande fordelt mellom dei tre Golfstatane, men anslaga varierer mykje på grunn av mangel på kunnskap og at folket bur så avsides. Fram til midten av 1980-tallet kunne mehri-stammen bevega seg fritt over grensene til Oman, Jemen og Saudi-Arabia utan restriksjonar som tradisjonelle beduinkamelgjetarar. Sidan den gang har regjeringane i dei tre Golfstatane oppmuntra beduinstammane til å busetta seg i etablerte landsbyar, og dette har ført til oppdeling av mehri-stammen i desse tre landa. Dette har ført til auka isolasjon av stammen og at språket vert mindre brukt.

Inspirasjon til bøn

  • Denne stammen er eit unådd muslimsk samfunn. Det finns ikkje skriftleg form av språket og heller ikkje noko munnleg oversetning av Bibelen til mehri. Be om at arabisktalande kristne skal vera i stand til å nå dei arabisktalande medlemmene av denne unådde stammen med evangeliet. Be også for ein munnleg oversetning av Bibelen til mehri. (1 Kor 14,10-11)
  • Be om at arabisktalande mehriar vil finna Jesus gjennom eksisterande online kristne ressursar eller mirakuløse midlar. (Op 3,20)
  • Be om at myndigheitene ikkje skal oversjå denne folkegruppa og at stammen kan bevare sin identitet. (Op 5,9)
Del med andre ...