2022 • Dag 21 • 22. april • Nordlege Mosambik

Mosambik er namnet til det vakre, tropiske landet som ligger på kysten mellom Tanzania og Sør-Afrika. Etter århundrar med portugisisk kolonistyre vart landet sjølvstendig i 1975. Deretter følgde ein lang borgarkrig som tok slutt tidleg på 1990-tallet.

Den nordlege halvdelen av Mosambik er prega av innflytelse frå islamske grupper. Islam kom til området på 1100-tallet gjennom arabiske handelsmenn og har påverka folket på den nordlege kyststripa sidan den gang. Det kan ein sjå gjennom bruken av arabiske fraser i forskjellige lokale språk. Ein kan også sjå spor av innflytelse frå tradisjonell religion i området. I fleire tilfelle er leiaren av moskeen og den lokale heksedoktoren ein og same person.

Fleirtalet av dei lokale i det nordlege Mosambik bur i fiskarlandsbyar, kor dei har fiska og jakta i mange generasjonar. Hovudårsaka til høg dødelegheit, særleg blant barn, er malaria, kolera og underernæring. Men sidan 2017 har den nordlege provinsen Cabo Delgado også vorte terrorisert av væpna grupper med islamistiske ekstremistar. Fleire tusen har vorte drepne og ein million andre har vorte fordrivne av vald forårsaka av gruppa kjend som Al-Shabab («ungdommen») på grunn av deira strategi om å verva unge menneske og barn med makt.

Halve befolkninga i Mosambik er kristne, og mange truande vel å vera i det urolege nord for å tena deira lokalsamfunn, til tross for fare.

Inspirasjon til bøn

  • Be for traumatiserte born og flyktningfamiliar frå Cabo Delgado som har vore vitnar til forferdelege angrep av Al-Shabab. (Sal 23,1-6)
  • Be om at ekstremistane som har politiske og religiøse motiver skal omvenda seg og arbeida for å gjenoppretta nasjonen. (2 Pet 3,9)
  • Be om beskyttelse for kristne i nordlege Mosambik, inkludert dei med muslimsk bakgrunn, og at dei kan få vera eit lys i mørkeret. (Joh 1,4-5)
Del med andre ...